Haugland rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan rehabilitering for vestlandsfylkene. Med sitt fokus på forsking og utvikling har Haugland trekt til seg fagfolk på høgt nivå. Det gjer at bedrifta kan spele ei viktig rolle som kompetansesenter for rehabilitering og helsefremjing både regionalt og nasjonalt. Haugland rehabiliteringssenter ønskjer med si spesialistkompetanse å tilby ein arena for opplæring og utdanning.

Bilete: Utsikt frå senteret

Trong start
Bak «fasaden» gøymer det seg ei spennande historie. Slik som utviklinga av dei økonomiske rammevilkåra. Ei periode var økonomien så trong at dei ikkje fekk levert mjølka før leverandøren fekk kontant oppgjer.  Haugland prioriterte å bruke så mykje som mogleg av pengane på å halde eit fagleg høgt nivå. Dette har betalt seg.

Å måtte betale mjølka kontant er no ei tilbakelagt tid. I dag leverer senteret både fysikalsk rehabilitering og kognitiv terapi på høgt nasjonalt nivå med brukarar frå Rogaland i Sør til Sogn og Fjordane i Nord. Senteret har også svært gode søkjartal og skulle gjerne sett at ventetida var kortare. Senteret har avtale med Helse vest RHF og i overkant av 70 plassar.

Direktøren på senteret, Inger Johanne Osland, var oppteken av at dei spesialiserte sentra må få gode rammevilkår i ei tid der mykje av rehabiliteringa vert lagt ut i kommunane. Det er behov for begge delar, men viktig at ein ikkje kastar ungen ut med badevatnet i samband med dei reformane som er på gang.

Det er Sogn og Fjordane Røde Kors som eig senteret.

Bilete: Senteret ligg vakkert til

United World College Norge
Noko anna som gjer staden spennande er at rehabiliteringssenteret ligg vegg i vegg med United World College Norge.  UWC er den einaste globale utdanningsrørsla som samlar ungdom frå heile verda på vidaregåande skule uavhengig av evna familien har til å betale. Dei har 15 skuler over heile verda. Gjennom to år lærer elevane å forstå kvarandre og å leve i god sameksistens trass i at mange kjem frå land som er i konflikt.

Dette skaper eit spennande miljø som også rehabiliteringssenteret har stor glede av.

Dronning Sonja er Den høge beskytter av UWC og er ofte innom på besøk.